Val av kandidat og innstilling

Etter at intervjua er ferdige, lager næraste leiar eit formelt og rangert forslag til tilsettingsrådet. Er det andre som skal skrive innstilling, er dette skildra i personalreglementet for verksemda.

Innstillinga vert sendt til eit tilsettingsråd eller styre. På bakgrunn av innstillinga avgjer rådet eller styret kva søkar som skal få tilbodet om stillinga.

Eit tilsettingsråd skal bestå av like mange representantar for arbeidsgivarsida som arbeidstakarsida. I praksis er dei tillitsvalde arbeidstakarrepresentantar. Dei tillitsvalde representerer då alle arbeidstakarane, inkludert søkarane, uavhengig av deira fagorganisering. Arbeidsgivar vel leiaren i rådet.

Det skal normalt verte gitt ei innstilling. Det er vanleg å rangere kandidatar etter som dei er ønska. Ein føresetnad for rangeringa er at de meiner at de har funne den best kvalifiserte kandidaten for stillinga.

Å unngå uheldige bindingar

Nokre gonger sit næraste leiar, som normalt ville ha skrive innstillinga, i tilsettingsrådet.

Dette er spesielt vanleg i små verksemder. Om det er slik, kan næraste leiar lage eit forslag til tilsetting. Dette er ei viktig ordning som skal sjå til at tilsetting vert så rettferdig som mogleg.

Andre uheldige bindingar, som til dømes nære slektsband, kan føre til at ei avgjerd vert ugyldig etter forvaltningslova.

Slike forhold vert regulerte av forvaltningslova § 6 om habilitet.

Gi rask tilbakemelding

Medan prosessen med innstilling er i gong, bør søkarane få ei god og rask tilbakemelding. Dette gjeld alle kandidatar, også de som ikkje er aktuelle. Aktuelle kandidatar på si side bør få vite kor lang tid prosessen tek.

Ofte vil HR eller leiar verte bedt om å grunngi kvifor kandidatar ikkje vert valde. Å grunngi på ein god måte, kan vere med på å gi verksemda godt omdømme.

Kandidatane har ikkje krav på å få vite kvifor dei ikkje vert innstilte.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 26. jun 2018