Akvariet

Akvariet er ei metode for å stimulere til openheit, deltaking og refleksjon. Ei mindre gruppe samtalar, mens dei andre er aktive lyttarar og observatørar.

Kvifor bruke metoden Akvariet

Formålet med akvarie-metoden er at du betre skal forstå eit tema eller ei problemstilling ved å legge til rette for transparente samtaler i mindre grupper.

Deltakarane vekslar mellom å være aktive samtalepartnarar og aktive lyttarar. Slik aukar tilfanget av perspektiv, refleksjonar og idear, samstundes som fleire deltakarar må vere aktive og vert engasjerte.

Korleis bruke metoden Akvariet

1. Be deltakarane  (4 - 6 personar) sitte i ein ring «inne i akvariet», med andletet vendt inn i ringen. Samtalen finn sted i dette akvariet, i inste sirkel.

2. Resten av gruppa dannar ein yttersirkel rundt akvariet i midten. De som sitter på utsida skal berre observere, vere aktive lyttarar og ta notat. Dei kan ikkje avbryte eller forstyrre.

3. Du som prosessleiar presenterer temaet, problemstillinga eller spørsmålet deltakarane i innersirkelen skal samtale om. 

5. Ordet er fritt og innersirkel får samtale i 7-10 minuttar. 

6. Gi ordet over til observatørane utanfor akvariet. Kva høyrde de? Kva kjente dei seg igjen i, og kva var dei ikkje einige i? Er det noko dei lurer på? 

7. Bytt plass, og la deltakare frå yttersirkel ta plass i akvariet. Ha ein samtale på same tema, problemstilling eller spørsmål, og fortel deltakarane at dei skal bygge vidare på det de høyrde i den fyrste samtalen.

Dersom det er ei stor gruppe, del deltakarane opp i fleire mindre grupper og gjennomfør fleire samtalar der gruppene skiftar på å sitte i akvariet. Du må tilpasse lengda på samtalen etter kor mykje tid du har. 

Oppdatert: 7. juni 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.