Arbeidsgivarrådet

Arbeidsgivarrådet skal bidra til å styrke rolla til verksemdene og ansvaret verksemdene har for å utvikle og gjennomføre den statlege arbeidsgivarpolitikken.

Arbeidsgivarrådet skal gi Kommunal- og moderniseringsdepartementet betre informasjon og meir kunnskap om verksemdene. Rådet skal fremje interessa til verksemdene, styrke gjennomføringa av arbeidsgivarpolitikken i staten, og gi råd til departementet.

Kven sitter i Arbeidsgivarrådet?

Leiar i rådet, nestleiar og medlemmene vert valde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rådet er satt saman av 15 statlege verksemdsleiarar, og skal gjennom samansettinga representere dei statlege arbeidsgivarane. Rådet skal speile mangfaldet av statlege verksemder.

Desse er med

Arbeidsgivarrådet er satt saman av:

Mari Trommald: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (leiar)
Haakon Bruun-Hansen: Forsvaret (nestleiar)
Anne Myhrvold: Petroleumstilsynet
Hilde Singsaas: Direktoratet for økonomistyring
Rose-Marie Christiansen: Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
Marianne Vollan: Kriminalomsorgsdirektoratet
Kjell Bernstrøm: Universitetet i Bergen
Åse Wetås: Språkrådet
Stein A. Ytterdahl: Fylkesmannen i Aust og Vest-Agder
Ellen Hambro: Miljødirektoratet
Leif Forsell: Landbruks- og matdepartementet
Liv Holmefjord: Fiskeridirektoratet
Per Sanderud: Noregs vassdrags- og energidirektorat
Kirsti Lovise Slotsvik: Jernbanedirektoratet
Jon Lomøy: NORAD

Fast møtande vara: Gunn Elin Bjørneboe, Universitetet i Oslo

Oppgåvene til Arbeidsgivarrådet

  • Aktivt bidra til å utvikle den statlege arbeidsgivarpolitikken
  • Auke kunnskapsgrunnlaget hjå den sentrale arbeidsgivarfunksjonen
  • Drøfte viktige problemstillingar rundt korleis arbeidsgivarrolla skal utøvast i staten og gi samordna tilbakemeldingar
  • Gi tilbakemeldingar på rolla til KMD som sentral statleg arbeidsgivarfunksjon, på rolla til Difi og rolla til dei lokale arbeidsgivarane i staten
  • Fremje interessene til verksemdene på eige initiativ ovanfor Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Arbeidsgivarrådet skal ikkje vere sakshandsamings- eller klageorgan for verksemdene, men rådet kan orienterast om saker av prinsipiell eller overordna karakter.

Slik jobbar Arbeidsgivarrådet

Rådet har valt møter som si arbeidsform. Det vert ført referat frå møta. Arbeidsgivarrådet har møte minimum fire gonger i året.

Rådet er underlagt forvaltningslova, offentleglova og arkivlova. Eventuell usemje i rådet skal kome fram i referat, og ulike syn skal verte formidla til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Difi er sekretariat for Arbeidsgivarrådet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal orientere rådet om aktuelle saker, og sende rådet saker som gir høve til reell innverknad.

Arbeidsgivarrådet skal, når det er naudsynt, involvere og halde statlege verksemder orientert om arbeidet.

Arbeidsgivarrådet skal evaluerast etter tre år.

Saker Arbeidsgivarrådet har jobba med fyrste år

  • Mellomoppgjeret
  • Arbeidsgivarstrategien
  • Leiarlønsordninga i staten
  • Særavtalar til reforhandling
  • Hovudavtalen - revisjon frem mot 2020
  • Hovudtariffavtalen – lønns- og forhandlingssystemet og fellesbestemmelsene
  • Krav til statlege arbeidsgivarar i Jeløya-plattforma

Vedtekter for Arbeidsgivarrådet  (regjeringen.no)

Bakgrunn for Arbeidsgivarrådet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten og ansvar for å utforme den statlege arbeidsgivarpolitikken.

Som eit ledd i ei ny strategi for ein offensiv statleg arbeidsgivarpolitikk, vart det i 2016 nedsett eit interimsråd for å sjå på korleis ein kunne profesjonalisere arbeidsgivarrolla i staten.

Interimsrådet foreslo å opprette eit råd av statlege arbeidsgivarar for å ivareta interessene til verksemdene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet stifta Arbeidsgivarrådet i 2017. Arbeidsgivarrådet er eitt av fleire tiltak for å styrke og profesjonalisere den statlege arbeidsgivarfunksjonen.

Rapporten til interimsrådet (PDF)  (regjeringen.no)

 

Publisert: 17. des 2017, Sist endra: 19. apr 2018

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*