Kva er traineeprogrammet?

Traineeprogrammet i staten er ordinære stillingar hjå statlege arbeidsgjevarar for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne.

Publisert: 15. apr 2019, Sist endra: 21. jun 2019

Staten som arbeidsgjevar ønskjer å utnytte kompetansen og arbeidskrafta som personer med nedsett funksjonsevne har. Som arbeidsgivar er det ei del av samfunnsoppdraget å jobbe for at arbeidsplassen skal vere ei inkluderande plass.

Traineeprogrammet er eitt sentralt verkemiddel i dette arbeidet. Ved å delta i programmet får statlege verksemder hjelp og støtte til å rekruttere kvalifiserte personer med nedsett funksjonsevne.

Finne rette søkjarar

Mange statlege arbeidsgjevarar seier at dei ikkje får søkjarar som kryssar av for at dei har nedsett funksjonsevne i søknaden. Personer med nedsett funksjonsevne og høg kompetanse opplever og ikkje å bli reelt vurdert i rekrutteringsprosessar, blant anna fordi vi alle har ei tendens til å fokusere så mykje på den nedsette funksjonen at vi ikkje får med oss kvalifikasjonen, kompetansen og dei personlege eigenskapane til søkjaren.

Forsking viser at arbeidsgjevarar som har eit velfungerande mangfald på arbeidsplassen ofte skapar eit betre klima for å samarbeide om effektive og innovative løysingar. I eit tid med stadig meir komplekse problemstillingar i arbeidslivet, er det ei stor fordel.

Traineeprogrammet som del av inkluderingsdugnaden

Inkluderingsdugnaden er satsinga frå regjeringa for å få fleire i arbeid, og for å ta i bruk kompetanse og arbeidskraft til de som er utanfor arbeidslivet.

Regjeringa har fastsett eit mål om at minst fem prosent av de nytilsette i staten skal vere personer med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en. Arbeidsgjevar skal rapportere korleis dei jobbar for å nå målet. Frå 1. april 2019 er det klart at både faste og midlertidige ordinære stillingar kan reknast med i fem prosent-målet. 

Traineeprogrammet er difor og ei god anledning eit godt verktøy for verksemdene for å oppnå resultat i inkluderingsdugnaden. Fordi stillingane i programmet er eksklusivt for personer med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning, når arbeidsgivar og søkjarar som dei elles har problem med å få tak i. 

Traineeprogrammet skal bidra til å utvikle det inkluderande perspektivet i personalarbeidet og gje traineeane relevant arbeidserfaring.

 

Sharethis

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*