Nordisk utvekslingsordning (Norut)

Ønsker du å oppdage nye måtar å jobbe på? Lurer du på korleis dei jobbar innanfor feltet ditt i dei andre nordiske landa? Nordisk utvekslingsordning gir deg, eller ein av medarbeidarane dine, høve til å vere 14 dagar til 6 månader i eit anna nordisk land.

Publisert: 23. okt 2017, Sist endra: 12. Mai 2021

Gjennom Nordisk utvekslingsordning kan du ta med deg erfaringar, inspirasjon og nye perspektiv heim og dele med verksemda di.

Informasjonsfilm og korleis nytte ordninga

Kva er Nordisk utvekslingsordning?

Nordisk ministerråd ønsker utveksling av kunnskap og erfaringar på tvers av dei nordiske landa, og løyver kvart år midlar til Nordisk utvekslingsordning.

Statlege verksemder kan gjennom ordninga la tilsette reise på utveksling i dei andre nordiske landa. Slik kan verksemda bli kjend med til dømes utviklingsprosjekt, arbeidsformer, forvalting og lovgiving i eit anna nordisk land, utveksle erfaringar og knytte relevante kontaktar i Norden. Hospitanten vil auke kompetansen sin, og kan bli ein viktig ressurs i utvikling av eiga verksemd. Opphaldet kan vare frå 14 dagar til 6 månader.

Kvart nordisk land har ein kontaktperson i Nordisk utvekslingsordning som mellom anna svarar på spørsmål, behandlar søknadene, og dei har kontakt med kvarandre. I Noreg er dette DFØ. Ikkje nøl med å ta kontakt med kontaktpersonen om du har spørsmål. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.

Langsiktig investering

Leiarar som sender medarbeidarar på utveksling gjer ei langsiktig investering i heile avdelinga. Dei som kjem tilbake frå utveksling, har med seg nye erfaringar og fagleg påfyll, som dei deler med kollegaene sine. Ofte har dei fått eit nettverk som kan kome fleire til gode.

Stipend

Hospitanten kan søke om stipend frå Nordisk ministerråd på 14 000 danske kroner per månad. Stipendet skal dekke meirutgifter til bustad og opphald. Det blir lagt vekt på at søkaren har ei viss tenestetid i staten, og at opphaldet er til nytte for både arbeidsgivar og søkar. 

Hospitanten har arbeidsplikt under utvekslingsopphaldet, skal følge reglane til arbeidsstaden om til dømes arbeidstid og teieplikt, og utføre tildelte arbeidsoppgåver. Stipendiaten skal betale tilbake stipendet viss arbeidsplikta ikkje blir overhalden, viss stipendet ikkje er brukt i samsvar med formålet, eller viss utgiftene blir dekte av andre stipendordningar.

Løn under opphaldet

Arbeidsgivar i heimlandet utbetaler løn som vanleg og skal gi hospitanten tenestefri under opphaldet. Under utvekslingsperioden tener ein opp vanleg ansiennitet for løn og pensjon.

Slik går du fram for å søke utveksling

Samtale mellom leiar og medarbeidar

Når leiar og medarbeidarar drøfter kompetansetiltak, kan leiar informere om Nordisk utvekslingsordning. Medarbeidarar kan òg foreslå Nordisk utvekslingsordning som tiltak for leiaren sin. Målet for opphaldet i eit anna nordisk land bør avtalast.

Oversikt over organiseringa av statsforvaltninga i Norden (docx)

Etablering av utvekslingsopphaldet

Tilsette som ønsker å nytta Nordisk utvekslingsordning, må sjølv gjere ei avtale med aktuell arbeidsplass. Leiarar og medarbeidarar kan være gode kjelder til kor tilsette kan spørje om hospitering og kan hjelpe til med å etablere kontakt med den relevante verksemda.

Søknad til Nordisk utvekslingsordning

Når søkaren og næraste leiar har blitt samde om utvekslinga, og gjort ein avtale med ein arbeidsplass i Norden, skal personen sende ein søknad om utvekslingsplass og stipend. Søknadsskjema finn du her:

Rapportering etter endt opphald

Hospitanten skal, seinast ein månad etter heimkomsten, fylle ut eit skjema for å rapportere frå opphaldet. Lenke til det digitale skjemaet for rapportering blir sendt frå kontaktpersonen for Nordisk utvekslingsordning til hospitanten. Rapporten frå hospitanten er ein viktig del av den årlege evalueringa til Nordisk ministerråd av utvekslingsordninga.

Ofte stilte spørsmål fra søkarar

Kven kan søke om stipendet?

Alle som er tilsette i staten kan søke, men det skal vere avklart med næraste leiar.

Kan eg ta med familien?

Ja, men utgifter utover stipendet må dekkast av familien, dette gjeld og reiseutgiftene.

Kor lenge kan eg vere borte?

Opphaldet varar i minimum 14 dagar og maksimum 6 månader innanfor eit kalenderår. Du kan ikkje avvikle opptent avspasering eller ferie i perioden. Viss du ønsker å ta fri i perioden, må du skrive det i søknaden slik at stipendet blir avkorta med desse dagane.

Får eg dekt utgifter til reise?

Du kan søke om å få dekt reiseutgiftene. Nordisk utvekslingsordning prioriterer å dekke stipend til opphald. Om det er midlar igjen i ordninga, kan rådet vurdere å dekke reiseutgifter. Du kan og søke om å få dekt desse hjå arbeidsgivar.

Får eg vanleg løn under opphaldet?

Ja, avtalen din med eigen arbeidsgivar gjeld under heile opphaldet.

Korleis får eg betalt ut stipendet mitt?

Stipendet blir i sin heilskap betalt ut før du reiser. Du får refundert eventuelle reiseutgifter etter at opphaldet er avslutta.

Når bør eg søke stipendet frå Nordisk utvekslingsordning?

Først må du avtale med næraste leiar om du kan få tenestefri med løn til å vere hospitant i eit anna nordisk land. Så må du bestemme deg for land og stad. Du kontaktar sjølv den aktuelle verksemda. Når du har fått ei avtale, kan du søke stipend. Du søker stipend i landet du reiser frå. Søknadsbehandlinga tek vanlegvis rundt 14 dagar. Viss du får stipend, bør leiaren din og den andre verksemda underteikne ein avtale om hospitering.

Kva skal eg skrive i søknaden?

Før du søker, må du ha stadfesting frå verksemda du skal til i mottakarlandet . Når du søker, nytter du digitalt søknadsskjema. Du skal fylle inn

  • personalia og kontaktinformasjon til arbeidsstaden din heime og til verksemda i mottakarlandet.
  • kor lenge du skal hospitere
  • planen for kva du vil lære og kva slags erfaringar du reknar med å ta med heim,
  • anna informasjon som du meiner vi bør ha kjennskap til.

Til slutt i søknaden set du namn til  næraste leiar i verksemda du er tilsett i. Søknaden blir send digitalt med kopi til deg. Ta ei utskrift av søknaden. Både du og din næraste leiar må signere søknaden, og sende han tilbake i e-post eller post til kontaktpersonen i landet ditt, i dette høvet til DFØ (sjå kontaktinfo nedst på sida). Frå DFØ får søknaden til du får svar, er det omtrent 14 dagar behandlingstid.

Når er søknadsfristen?

Det er ingen søknadsfrist. Søknadene blir fortløpande vurderte. Kvart nordisk land har ein pott som blir fordelt på søkarane etter som dei kjem inn.

Finnes det ei liste over deltakande arbeidsplassar som eg kan søkje meg til?

Diverre. Det skjer mange endringar i organiseringa i staten frå år til år. Her har du ei oversikt over organisering av statsforvaltninga i dei nordiske landa. Finn departementsområde lik det du jobbar i det landet du ønsker å hospitere. Du kan og spørje eige departement om de kan gi deg namn på tilsvarande verksemder i eit anna nordisk land.

Oversikt over organiseringa av statsforvaltninga i Norden (docx)

Kan de hjelpe meg med å finne ein stad å bu?

Nei, bustad ordnar du sjølv. Spør gjerne verksemda du skal hospitere i om dei har nokre tips, eller søk på nettstader/bustadportalar.

Kva språk må eg snakke?

Tidlegare hospitantar seier at dei snakkar “skandinavisk”. Dei opplev ikkje ulikt språk som ein barriere. Engelsk blir også nytta der ein ikkje forstår kvarandre.

Kven kan eg kontakte om eg har spørsmål om utvekslinga?

Kvart nordisk land har ein kontaktperson i Nordisk utvekslingsordning som mellom anna svarar på spørsmål, behandlar søknadene, og dei har kontakt med kvarandre. Ikkje nøl med å ta kontakt med kontaktpersonen i landet ditt viss du har fleire spørsmål. Kontaktperson for Noreg, finn du nedst på denne sida.

Kontakt for Nordisk utvekslingsordning

I Noreg er det Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) som administrerer ordninga for norske søkarar:

Ta kontakt med:

Gunn Ramona Åsdahl
E-post: gunnramona.asdahl@dfo.no
Telefon: + 47 926 55 962

Sharethis

Søknadsskjema og rapportskjema

ERFARINGAR FRÅ EIN HOSPITANT:

Bilde av Kristin Lundtveit som har vært hospitant i Danmark

Så enkelt ble Kristin hospitant i Danmark

- Jeg har lenge hatt lyst til å komme litt «på innsiden» av hvordan de jobber med ledelses- og kompetanseutvikling i et annet land, sier Kristin Lundtveit i Difi. Du kan også søke om å hospitere i et annet nordisk land.