Gode i staten

I oversikta under kan du lese om fleire gode som gjeld for statstilsatte.

En person som tar spensthopp

Foto: Olav Standal Tangen/Forsvaret

Fleire statlege verksemder har ei aktiv politikk for å halde medarbeidarane friske med trening i arbeidstida.

Medarbeiderundersøkinga i staten viser at tilsatte i staten vert motivert av meiningsfulle arbeidsoppgaver. Høve til kompetanseutvikling i arbeidet er eit viktig gode i staten.

Fleksitid

Staten praktiserer fleksitid. Det betyr at det finst ei kjernearbeidstid der alle må vere på jobb, og ei ytre arbeidstid.

Kjernetida er frå klokka 09.00 til 14.30.

Ytre arbeidstid er frå 06.00 til 09.00 og frå kl. 14.30 til kl. 21.00.

Plusstimar kan du ta ut som avspasering. Du kan avspasere inntil fem dagar plusstid i eitt, og du kan avspasere 24 dagar i året.

Permisjonar

Det finst ulike permisjonsordningar i staten:

Utdanningspermisjon

Betalt permisjon til kompetanseheving og utdanning er attraktivt for arbeidstakarar. Det er opp til den statlege verksemda om dei ønskjer å gi tilsette permisjonar med eller utan lønn.

Velferdspermisjon

Når viktige velferdsårsaker ligg til grunn kan statlege arbeidstakarar få velferdspermisjon med lønn i inntil 12 arbeidsdagar (Hovedtariffavtalane § 22).

Pensjon, AFP, lån og forsikring

Alle tilsette i staten er medlem av Statens pensjonskasse. Statens pensjonskasse utbetalar pensjon og forsikring. Vidare har tilbyr også SPK bustadlån for tilsette i staten.

Les meir om godene som SPK tilbyr:

Andre godtgjeringar

Tenestetelefon og breiband

Mange verksemder tilbyr tenestetelefon og breiband gjennom jobben. Dette vert tildelt ved behov. Fordelen av tenestetelefon er skattepliktig.

Aviser

Den tilsette kan få refundert eitt avisabonnement etter ei individuell vurdering.

Parkering

Nokre verksemder tilbyr parkeringsplasser til sine tilsette. Plassar vert tildelt fritt eller etter søknad.

Trening

Nokre verksemder legg til rette for at dei tilsette kan trene i arbeidstida. Einskilde verksemder har også eit eige treningsopplegg på sjølve arbeidsplassen.

Firmabil

Nokre tilsette har firmabil i tenesta.

Bilar som arbeidsgivar rår over, eller som vert leasa av arbeidsgivaren, skal normalt verte rekna som lønnsinntekt og den tilsette må skatte av fordelen.

Meir om firmabil på Altinn (altinn.no).

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 20. aug 2018

Sharethis