Dette jobber Arbeidsgivarrådet i staten med

Arbeidsgivarrådet hadde møte 25. september. Fem saker sto på dagsordenen.

Publisert: 08. okt 2020, Sist endra: 08. okt 2020

Arbeidsgivarrådet hadde møte 25. september. Dette var fyrste møte for fleire nye medlemmar i rådet.

Fylgjande saker sto på dagsorden:

  • KMD orienterte om status i lønsoppgjeret
  • Gjennomgang av sentrale særavtalar
  • Gjennomgang av den nye arbeidsgivarstrategien med vekt på kompetansemålet
  • Planar for implementering av arbeidsgjevarstrategien
  • Arbeidsgivarpolitiske problemstillingar som fylgje av koronasituasjonen

Arbeidsgivarrådet kjem med tilrådningar til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i fleire av sakene. KMD skriv i sin budsjettproposisjon for 2021 at tilrådningane veg tungt i departementet sitt arbeid med å vidareutvikle den statlege arbeidsgjevarpolitikken.

Neste møte i rådet vert 11. november.