Ofte stilte spørsmål om traineeprogrammet

På denne sida finn du ofte stilte spørsmål både frå arbeidsgjevarar og fra dei som vurderer om dei skal søkje ei traineestilling i staten. Spørsmål og svar skal vere eit tillegg til informasjonen som du finn på fagsidene, og er difor ikkje uttømmande.

Dette spør verksemdene om

Kva slags stilling skal den som blir tilsett gjennom traineeprogrammet ha?

Stillingane i traineeprogrammet skal vere ordinære stillingar.  Det er altså ikkje snakk om at ein opprettar nye og spesielle stillingar. Stillingane skal vere basert på stillingar som ville blitt lyst ut i alle tilfelle. Verksemda må sjølv avgjera kva for nivå stillinga skal vere på.

Korleis melder vi på stillinga til medarbeiderutviklingsprogrammet?

Nytt av 2022: De skal ikkje lenger melde inn stillinga til DFØ og til medarbeidarutviklingsprogrammet, men du kan melde ho inn, og så annonserer vi stillinga under "Ledige stillingar". Du som arbeidsgivar finn medarbeidarutviklingsprogrammet på Læringsplattforma, følgjer opp den tilsette og ser til at den tilsette får gjennomført programmet. Den tilsette får kursbevis som dokumenterer at personen har tatt opplæringa.

Annonserar DFØ stillingane andre stader enn på Arbeidsgiverportalen?

DFØ legg berre ut stillingane på Arbeidsgiverportalen.

Korleis skal vi leggje opp rekrutteringa?

Rekrutteringsprosessen er den same som når de elles tilsett i verksemda. Når de har motteke søknadar, står de fritt til å bestemme korleis de ønskjer å leggje opp rekrutteringsprosessen, og kor lang tid de vil nytte.

Kan ein søkjar som kryssar av for nedsett funksjonsevne, og som er i fast stilling vurderast til stilling i traineeprogrammet?

Ja. Søkjarar som kryssar av for hol i cv-en kan derimot ikkje vurderast om vedkomande er i fast stilling.

Kan ein søkjar som ikkje har fått jobb innanfor det eigentlege fagfeltet sitt, og som no er i fast stilling innanfor eit anna fagfelt reknast inn i målgruppa «hol i cv-en»?

Personar som kryssar av for hol i cv-en og som er i fast stilling er ikkje del av målgruppa

Kva blir definert som nedsett funksjonsevne?

Med søkjar med nedsett funksjonsevne meinast ein søkjar som oppgjer å ha ein reduksjon i funksjonsevna som vil krevje tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet.

Konkret vert det føresett at den nedsette funksjonsevna ikkje er forbigåande og/eller er bagatellmessige forhald som ikkje påverkar funksjonen i nemneverdig grad.

Personar med innvandrarbakgrunn er ikkje i målgruppa for traineeprogrammet med mindre dei har anten nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Kan dysleksi reknast som nedsett funksjonsevne?

Det er ikkje diagnosen som avgjer om ein er i målgruppa. Det avgjerande er om ein treng tilrettelegging av arbeidet eller arbeidsforholdet. Dermed må det gjerast konkrete vurderingar i kvart einskild tilfelle.

Kva er definisjonen på hol i CV-en?

For å bli rekna inn under definisjonen hol i CV-en må ein ha vore ute av arbeidslivet til saman to av dei siste fem året. Frivillige opphald reknast ikkje som hol i CV-en. Opphaldet må anten skuldast slikt som sjukdom, rus eller soning, eller så må ein ha vore aktiv arbeidssøkjar utan å få jobb.

Korleis verifisere at søkjaren er i målgruppa?

Dei som søkjer ei stilling gjennom traineeprogrammet, må erklære at dei anten har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Dette kan i dei fleste tilfelle gjerast gjennom verksemda sin jobbsøkjarportal.

Som arbeidsgjevar har du ikkje lov til å spørje om diagnosar. Men for dei som har kryssa av for nedsett funksjonsevne kan du gjerne spørje om kva slags tilrettelegging personen treng i intervjuet. Om det etter dette framleis er uklårt om kandidaten tilhøyrar denne gruppa, kan de be om erklæring frå lækjar på at vedkomande har nedsett funksjonsevne.

Kva er forskjellen på deltakarar i traineeprogrammet og lærlingar?

Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke, og får opplæring og praksis ved å jobbe i en verksemd. Å vere deltakar i traineeprogrammet betyr at du har blitt rekruttert i ei midlertidig stilling i staten under forutsetning om å ha nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en. Deltakarane har fullført høgare utdanning og kan og ha arbeidserfaring.

Kva får eg som arbeidsgivar hjelp til i traineeprogrammet?

DFØ koordinerer traineeprogrammet, og gjer støtte til verksemdene når de skal gjennomføre traineeperioden.

Vi tilbyr:

  • frivilleg marknadsføring av kunngjeringa av stillinga på Arbeidsgiverportalen. Send oss ei e-post på traineeprogrammet@dfo.no
  • digitale hjelpemiddel og arbeidsgivarstøtte i form av verktøy, rettleiingar og døme på Arbeidsgivarportalen
  • obligatorisk e-læringskurs i medarbeidarutvikling for deltakarane 
  • e-læringskurs for mentor
  • Informasjon og støtte til linjeleiar
  • deling av beste praksis og tidlegare erfaringar med traineeprogrammet 
Er det grenser for kor mange stillingar ei verksemd kan melde inn til traineeprogrammet?

Nei. Det er ikkje sett grenser i talet på stillingar per verksemd.

Kan verksemda trekkje stillingar frå traineeprogrammet?

Ja. Om de ikkje skulle finne kvalifiserte kandidatar, kan de velje å stoppe prosessen.

Gjeld dei same reglane for oppseiing som for ordinære stillingar?

Ja. Det einaste som skil stillingane i traineeprogrammet frå regulære stillingar er regelen om at stillinga kan gjerast om til fast utan ny utlysing. Ut over dette gjeld vanlege reglar for tilsette i staten.

Må stillinga vera lyst ut som ein del av traineeprogrammet for at ho kan gjerast om frå midlertidig til fast utan ny utlysing om det er slik at medarbeidaren har nedsett funksjonsevne eller hol i cv-en?

Ja. Det er ein føresetnad at stillinga er lyst ut som ein del av Traineeprogrammet i staten for at ho kan gjerast om til fast utan ny utlysing.

Gjeld reglane om at midlertidige stillingar berre kan lysast ut for å dekkje midlertidige oppgåver også for stillingane i traineeprogrammet?

Nei. Forskrifta sine reglar om traineeprogrammet er sjølvstendig heimel for å lyse ut midlertidig.

Kan stillinga forlengast opp til tre år sjølv om ho i utgangspunktet berre vart lyst ut som eittårig?

Ja. Det er grensa på år for midlertidig stilling som ligg til grunn, og ingen særlege reglar for traineeprogrammet.

 Dette spør søkjarane om 

Korleis kan eg melde meg på programmet?

Du må fylgje med på dei stillingane som blir lyst ut i programmet, og søkje på dei stillingane du meiner du er kvalifisert for ut frå det som står i annonsen.

Er eg med mi nedsette funksjonsevne i målgruppa for traineeprogrammet?

Med søkjar med nedsett funksjonsevne meinast ein søkjar som oppgjer å ha ei nedsett funksjonsevne som vil krevje tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Føresetnaden er at funksjonsnedsettinga ikkje er forbigåande. Ho må heller ikkje vere så lita at ho ikkje reduserer funksjonsevna i nemneverdig grad. 

Om arbeidet eller arbeidssituasjonen vert tilrettelagt, kan du ha tilnærma full arbeidsevne. 

For å bli rekna inn under definisjonen hol i CV-en må du ha vore ute av arbeidslivet til saman to av dei siste fem året. Frivillige opphald reknast ikkje som hol i CV-en. Opphaldet må anten skuldast slikt som sjukdom, rus eller soning, eller så må du ha vore aktiv arbeidssøkjar utan å få jobb.

Personar med innvandrarbakgrunn er ikkje i målgruppa for traineeprogrammet med mindre dei har anten nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Kan eg som eldre og erfaren arbeidstakar søkje traineeprogrammet?

Traineeprogrammet har inga aldersgrense, og er ikkje øyremerka nyutdanna. Både nyutdanna og personar med lang erfaring frå arbeidslivet er velkomne til å søkje programmet, så lenge de fyller krava om høgare utdanning og anten hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne.

Kan eg sende søknad til DFØ for å få vera med i programmet?

Du må søkje på dei stillingane som er lyst ut i programmet og som du er kvalifisert til. DFØ tek ikkje imot søknader, og vurderer heller ikkje om søkjarar er kvalifiserte til dei utlyste stillingane.

Eg er interessert i traineestiling både ubetalt og betalt. Kan eg søkje hjå dykk?

Traineeprogrammet i staten er sett saman av vanlege stillingar som blir lyst ut på same måten som andre stillingar i staten. Du må difor fylgje med på stillingane som blir lyst ut og søkje på dei du er kvalifisert for. Ulønna praksisplassar er ikkje ein del av traineeprogrammet, og vi har ikkje høve til å formidle slike plassar.

Kan eg søkje på traineeprogrammet som ein måte å få arbeidstrening med lønstilskot

Traineeprogrammet er vanlege stillingar som blir lyst ut. Du må søke på ei av stillingane som blir lyst ut gjennom programmet. Om du får tilbod om stilling, vil det blir gjort ei konkret vurdering av om det er aktuelt med lønstilskot. Dette er ikkje ein del av vurderinga i tilsetjingsprosessen.

Teller psykisk helse når ein vurderar om nokon har nedsett funksjonsevne?

Om den psykiske helsa inneber at ein treng tilrettelegging av arbeidet eller arbeidsforholdet, blir dette rekna som nedsett funksjonsevne i denne samanhengen.

Eg har eit innvandrarnamn som skapar problem for meg i jobbmarkedet. Blir dette vurdert som nedsett funksjonsevne i denne samanhengen?

Traineeprogrammet er for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne eller hol i cv-en. Det å ha innvandrarbakgrunn er ikkje i seg sjølv grunnlag for å vera kvalifisert til programmet.

Kan arbeidserfaring kompensere for høgare utdanning for stillingar som er lyst ut i traineeprogrammet?

Stillingane som er lyst ut i traineeprogrammet er ordinære stillingar som fylgjer vanlege reglar for tilsetjingar i staten. Dermed kan arbeidserfaring berre kompensere for utdanning om dette er særskilt nemnt i annonsen.

Kvifor får ikkje personar utan høgare utdanning søkje stillingar i programmet?

Det er tatt ei avgjerd om at dette programmet berre skal vera for stillingar det krevjast høgare utdanning.

Er eg kvalifisert til å søkje på traineeprogrammet når eg har bachelor i økonomi og administrasjon?

Traineeprogrammet er vanlege stillingar som blir lyst ut med ulike krav til kvalifikasjonar for kvar stilling. Du må difor fylgje med på dei stillingane som blir lyst ut, og sjå om nokre av dei krev slik utdanning som du har.

Kan eg søkje på ei stilling i traineeprogrammet sjølv om fristen i utlysinga har gått ut?

Det er verksemda som lyser ut stillinga som vurderer om dei vil akseptere søknader som kjem etter fristen. Du må difor ta kontakt med verksemda som har lyst ut stillinga.

Skal eg skrive om den nedsette funksjonsevna mi i søknaden?

Du bestemmer sjølv om du vil skrive noko om den nedsette funksjonsevna i søknaden, men du må krysse av for at du er i målgruppa for traineeprogrammet. Om du søkjer på bakgrunn av den nedsette funksjonsevna di, vil du blant anna bli spurt om kva du treng av tilrettelegging. Dette bør du ha tenkt gjennom på førehand. Arbeidsgjevar kan ikkje spørje deg om diagnosar. 

Er det eit problem for dei som har vore med i traineeprogrammet når dei skal søkje seg jobbar seinare at det står i attesten at ein har tatt del i traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne eller hol i cv-en?

Vi er ikkje kjende med at dette har vore noko problem.

Det står at stillinga kan gjerast om til fast stilling når programmet er gjennomført. Kan stillinga gjerast om til ein annan stillingskategori samstundes som ho blir gjort om til fast?

Omgjering av stilling fylgjer dei same reglane for desse stillingane som for andre stillingar i staten. Dermed kan ikkje arbeidsgjevar endre stillingskategori for ein person utan at dette blir forhandla med dei tilsette sine organisasjonar.

Kva får eg som deltakar i traineeprogrammet?

Ein jobb i staten kan gje deg verdifull kompetanse og relevant erfaring i den vidare karrieren. Som deltakar skal du gjennomføre eit program for utvikling av medarbeidarar. Du får eigen mentor, som arbeider i same verksemd, og som støttar deg i arbeidet. 

Har du spørsmål?

Lurer du på noe knyttet til lov- og avtaleverk, ta kontakt med Statens arbeidsgiverstøtte. Ønsker du melde inn en traineestilling, eller har spørsmål knyttet til rekrutteringspraksis, ta kontakt med Traineeprogrammet i staten.

Oppdatert: 5. mai 2022

Kontakt

Traineeprogrammet i staten

traineeprogrammet [at] dfo.no (traineeprogrammet[at]dfo[dot]no)

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.