Strategisk kompetanseutvikling
Kva skal til for at verksemda di skal sikre seg rett kompetanse for å løyse morgondagens oppdrag? Korleis kan du legge til rette for dette arbeidet?
Kompetansebehov i verksemda vert påverka av raske endringar som ny teknologi, økonomi, trendar og nye krav frå brukarane.
Strategisk kompetanseutvikling støtter måla til verksemda
For at kompetanseutviklinga skal vere strategisk må ho støtte måla og oppgåvene til verksemda. Kompetansearbeidet må følgjast opp på systematisk og heilskapleg vis.
Rask tilpassing av kompetanse
Meir enn nokon gang er kompetanse ferskvare. Det krev at du har kontinuerleg fokus på oppgåva. Høy endringstakt påverkar og korleis vi lærer og får ny kunne, og dette spiller igjen inn på korleis du «riggar» tiltak for utvikling i organisasjonen.
Med høy endringstakt vert det avgjerande at du har målretta og effektive tiltak i verksemda som du raskt kan justere og tilpasse.
Ei felles forståing for kva slags kompetanse de har, korleis de bruker han og kva de treng av ny kompetanse, er ei føresetnad for å gi arbeidet tydeleg retning. Fallgruva er å gå rett på tiltaka utan å ha tatt seg tid til å reflektere nok over kva som faktisk påverkar behovet for kompetanse.
I podkasten kan du høyre Valgjerd Bakka Skauge, Ingrid Mørk og Christina Volen i dåverande Difi snakke om kor viktig det er å ha rett kompetanse - og eit lite intervju med direktør Gina Lund i Kompetanse Norge.
Staten har en arbeidsgiverstrategi der kompetanseutvikling omtales som et viktig område for statlige virksomheter: