87 prosent er nøgde med rettleiingstenesta til Difi

Vår fyrste evaluering viser at brukarane av den nye rettleiingstenesta til Difi er nøgde med tilbodet. Vi har og fått gode forslag som vi vil jobbe med framover.

Arbeidsgivarportalen med rettleiingstenesta til Difi har vore på lufta sidan 4. januar i år. No har brukarane evaluert rettleiingstenesta til Difi.

Dette er rettleiingstenesta

87 prosent av brukarane som svarte på undersøkinga seier at dei er nøgde med rettleiingstenesta til Difi. Over 70 prosent seier at dei er godt eller særs godt nøgde med svara dei har fått. Det er vi glade for.

Rettleiingstenesta i Difi vart oppretta som ein del av Arbeidsgivarportalen i januar i år, og er eit ledd i satsinga på å styrke arbeidsgivarrolla i staten. Tenesta er til for, og skal støtte, HR og leiarar innan det statlege tariffområdet i sakar om til dømes omstilling, lover og reglar eller andre HR-tema. Det er fagpersonar i Difi som svarar på spørsmåla.

Rettleiingstenesta går hand i hand med den opne delen av Arbeidsgivarportalen som gir informasjon, støtte og verktøy til statlege arbeidsgivarar. 

Topp 5 på rettleiingstenesta

Desse tema vert vi spurte mest om:

  1. Avtale- og regelverk, særavtalar
  2. Arbeidstid, ferie og permisjonar
  3. Reiseavtalane
  4. Omstilling og endring
  5. Rekruttering

Dette skal rettleiingstenesta bli betre på

Brukarane ga oss fleire forslag til korleis rettleiingstenesta kan bli enda betre. Dette er gode innspel som vi tek med oss vidare når vi nå skal utvikle tenesta. Framover vil vi blant anna jobbe med:

  • Teknisk utforming av korleis svara ser ut hos brukaren. Vi har allereie gjort endringar slik at spørsmål og svar no kjem i kronologisk rekkefølgje i svar e-posten frå oss.
  • Mange ynskjer meir telefonkontakt. Rettleiingstenesta ringer difor tilbake til fleire brukarar når dei har kapasitet til det, spesielt der det er ein fordel med meir utfyllande informasjon og drøfting av problemstillingar.
  • Nokre av dei spurde var ikkje heilt nøgde med svara dei fekk. Vi jobbar heile tida med å betre kvaliteten. Ved å verte kjent med brukarane håpar vi å gje betre og tilpassa svar. Vi har og tett fagleg kontakt med Arbeidsgivarpolitisk avdeling i KMD.

Vi takkar alle våre brukarar for tilbakemeldingane vi har fått Arbeidsgivarportalen.

 Slik fungerer arbeidsgivarstøtta til Difi
  • Arbeidsgivarportalen – den opne delen skal gi brukarane naudsynt informasjon og verktøy. Ei nyleg undersøking vi har gjort viser at 86 prosent av dei som svarte, fann informasjonen dei søkte. Til nå har portalen hatt over 65.000 brukarar.
  • Erfaringsrommet skal leggje til rette for utveksling av erfaringar mellom statlege verksemder. 76 personar har sagt seg villige til å dele sine erfaringar.
  • Rettleiingstenesta til Difi gir ein-til-ein støtte om du som leiar eller HR i staten ikkje finn det du leitar etter på portalen. Rettleiingstenesta kan kontaktast via denne sida . Og du får anten svar per e-post, eller vi tek kontakt på telefon, arrangerer møte eller anna, så langt vi har kapasitet til det.
Oppdatert: 16. august 2019

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.