HR-strategi

Har verksemda di kompetansen som trengst for å løyse framtidige utfordringar?

Er de førebudde på automatisering av arbeidsoppgåver? Er du trygg på at verksemda klarar å rekruttere dei beste hovuda? Klarar organisasjonen å ta ut gevinstane som ligg i digitalisering?

Dette er viktige spørsmål å stille seg.

Kva prioriterer du i framtida?

Spørsmåla er også heilt sentrale dersom du har planar om å lage ein HR- strategi eller eit målbilete. HR-strategien skal ta utgangspunkt i ein analyse av krav frå omverda og organisasjonen sine styrkar og utfordringar, for å kunne klargjere kva som bør vere verksemda sine prioriterte oppgåver innan HR. 

HR- strategien skal vere eit dokument som har tydeleg toppleiarforankring. Best effekt får du om måla i HR- strategien vert spegla i leiarlønsavtalar, fylgt opp i medarbeidarsamtalar og brukt som verktøy i rekruttering og organisasjonsutvikling. 

Mange statlege arbeidsgjevarar har utarbeida eigne HR-strategiar. Dersom du ynskjer å sjå korleis andre har løyst denne oppgåva, kan du sjå på dokumenta som det er lenka til som eksempel. 

Korleis sette HR-strategien ut i livet:

  • Du må lage få, men tydelege prioriteringar
  • Du må lage tiltak på prioriteringane og rapportere på dei
  • Du bør sikre at HR tek prioriteringane med seg i det daglege arbeidet
  • Du må passe på at prioriteringane er knytta til andre utfordringar og oppgåver i  verksemda
  • Du må endre strategien dersom utfordringsbildet endrar seg. I dag kan det bety hyppigare endringar enn det som var vanleg tidlegare.

Les meir om trendar som treff forvaltinga

Oppdatert: 23. februar 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.