Traineeprogrammet i staten

Traineeprogrammet gjer det mogleg for deg som arbeidsgivar å rekruttere medarbeidarar du i andre høve ikkje hadde fått tak i.

Som statleg arbeidsgivar er det ditt ansvar at verksemda legg til rette for eit inkluderande arbeidsliv.

Tilset du ein person med funksjonsnedsetting, medverkar du til at verksemda tek samfunnsoppgåva på alvor, samstundes som du får dyktige og motiverte medarbeidarar.

Dette er en trainee i staten

Søkarar til traineestillingane må ha funksjonsnedsetting, høgare utdanning og rett kompetanse for jobben. Programmet rettar seg mot personar som vil ha bortimot full evne til å arbeide når dei får lagt til rette for dette på arbeidsplassen.

Virksomheter som deltar 2017/2018

  • Arbeids- og sosialdepartementet
  • Arbeidstilsynet
  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
  • Direktoratet for forvaltning og IKT
  • Finansdepartementet
  • Forbrukerrådet
  • Høgskolen i Volda
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Landbruks- og matdepartementet
  • NAV Arbeid og ytelser Arendal
  • NAV Familie- og pensjonsytelser Sandnes
  • NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland
  • Nærings- og fiskeri-departementet
  • Oljedirektoratet
  • Statped
  • Universitetet i Bergen
  • Utlendingsnemnda
  • Utlendingsdirektoratet

Leiarar med røynsle frå programmet melder at dei som leiarar vert flinkare til å legge til rette for arbeidstakarar. Dei oppgir at dei og blir betre til å snakke om vanskelege tema knytt til tilrettelegging.

Difi har ansvar for å gjennomføre Traineeprogrammet i staten. Difi bidrar og med råd og støtte til verksemda som seier ja til å vere med i programmet.

Difi sitt tilbod til traineer, leiarar og HR i 2018

Difi har koordineringsansvar, og tilbyr råd og rettleiing, fellesmøte og samlingar gjennom heile traineeprogrammet 2017-2018.

Difi sine tiltak i traineeprogrammet rettar seg mot traineene, leiarane deira, mentorar og HR/personal.

Tiltaka skal gi betre kompetanse, som igjen sørger for betre læring og gode resultat på arbeidsplassen i programperioden.

Som ein del av traineeprogrammet tilbyr Difi kurs, nettverk og rettleiing som skal gi både traineen og leiaren høve til mest mogleg læring og utvikling.

Leiing av mangfald

Traineen får delta på eit program for medarbeidarutvikling med tre samlingar. I tillegg får traineen eigen mentor og karriererettleiing.

Leiaren får tilbod om samlingar som gir kunnskap om programmet og om leiing av mangfald. Samlingane gjer det også mogleg å dele erfaringar og knytte nettverk med dei andre leiarane i programmet.

Verksemdene får støtte og rettleiing til den felles prosessen når verksemdene rekrutterer medarbeidarar til stillingane i traineeprogrammet. Difi tilbyr eit kompetanseprogram retta mot dei nye medarbeidarane, leiarane og HR, som skal bidra til økt læringsutbytte av å delta.

Kvifor traineeprogram?

Medarbeidarar som har funksjonsnedsetting er ei gruppe som i dag er underrepresentert blant statlege tilsette.

Personar med funksjonsnedsetting er og ofte underrepresentert eller lite synlege i søkebunka til nye stillingar i staten.

Av den grunn har statlege verksemder mindre erfaring i å rekruttere, legge til rette for og leie medarbeidarar med funksjonsnedsetting.

Traineeprogrammet er ein del av satsinga frå staten for å endre dette biletet.

Alle statlege verksemder fekk i juni 2016 eit brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet med ein invitasjon om å delta i traineeprogrammet.

Ofte stilte spørsmål frå trainee-søkarar (Difi.no)

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 07. apr 2018

Sharethis